Om oss

Schola Instrumentalis – landets eldste mellomaldergruppe?
Den første tida.
Då Institutt for Musikkvitskap vart bygd opp i sekstiåra, ønskte professor Finn Benestad at studentane skulle ha eit breidt og allsidig musikkstudium, der musisering, direksjon, historikk og teori smelta saman. For å dekkje inn ønska om obligatorisk instrumentalundervisning på studiet, tilsette han mellom anna den danske blokkfløytisten Leif Risager, som hadde kjennskap til musikk frå barokk og renessanse, og Risager bygde opp fleire grupper, knytt til denne undervisninga. Difor hadde instituttet eit renessanseensemble så tidleg som i 1964, der mellom anna seinare professor Kjell Skyllstad var med. Vi er ikkje visse på det, men vi trur det var Risager som kom på namnet «Schola Instrumentalis», truleg som ein motvekt mot studentkoret Schola Cantorum som oppsto om lag på same tid.
http://bildebaser.deichman.no/items/show/57512
Risager underviste ved instituttet i fleire år, med hovudvekt på blokkfløyte og tidleg musikk. «Schola Instrumentalis» var dermed sterkt blokkfløyteorientert den første tida. Risager braut opp og reiste attende til Danmark kring 1970, og Tom Toftaker tok over ensemblet. No utkrystalliserte det seg eimeir genuin interesse for mellomaldermusikk, og det var kome til nye studentar – så ein kan seia at den mellomaldergruppa vi kjenner som Schola Instrumentalis, tok til på denne tida. Leiarskapen i denne fasen var Tom Tofteberg, som nok fastsette standard for musikkvalet i ensemblet i åra som kom. I 1976 var Tofteberg i NRK i lag med tre andre, som instrumentalistar i «Spelet om Robin og Marion».
Sverre Jensen kjem på scena.
Eit ensemble av denne typen har bruk for instrument, og opphavlege mellomalderinstrument lyt ein rekonstruere. Seint på søttitalet kom instrumentmakaren Sverre Jensen på banen, og med han fekk Schola Instrumentalis eit sterkt tilsig av nye instrument. Sverre Jensen kom inn i ensemblet som student seint på søttitalet, og synte seg snart å vera ein viktig ressurs, både som kunnskapsbank om som instrumentmakar. Difor er det ikkje så underleg at Tofteberg gav taumane over til Jensen då han gav seg av helsemessige årsaker i 1986. Tom Tofteberg døydde i 2001, vel 56 år gamal.
Fasen frå 1986 til 2011 er den «klassiske» fasen for ensemblet, og vara i 25 år, medan stadig nye studentkull kom og gjekk, og ensemblet var eit fast innslag på musikkvitenskapeleg institutt. På det meste kunne gruppa telja mellom 10 og 20 utøvarar, og ensemblet kunne tidvis vera noko av eit «skramleorkester», for å bruke Jensens eigne ord til meg i 1992. Medan somme hang med over lang tid, var det nokre som fall frå etter eit år, då studiet tok slutt, og andre heldt fram i nye grupper. Sverre Jensen danna ein viktig rekrutteringsbase for det norske mellomaldermusikkmiljøet, og Schola Instrumentalis vart morgruppe for ei rekkje andre prosjekt som oppsto gjennom rein knoppskyting.
Farvel til instituttet.
Heilt frå byrjinga var Schola Instrumentalis tett samanvove med institutt for Musikkvitskap i Oslo. I og med nye økonomiske retningsliner og samanslåingar vat dette bandet slite over, og ensemblet laut halde fram på eiga hand, drive av entusiastar som hadde kome til i åra før. Sverre Jensen sjølv gav seg som leiar i 2011, og dei mest ihuga musikarane var dermed i villreide om korleis dei no skulle halde fram. På det verste var ensemblet nede i to mann: Are Boye Hansen og Henning Holen,
som framleis er kompseksjon i gruppa i dag. Dei fekk snøgt med seg Øystein Bech Gadmar, og eg som skriv dette kom med gjennom eit tilfelleleg møte i nærleiken av Nationaltheateret ein vinterdag i 2015.
I dag tel ensemblet fem personar, og har vore gradvis bygd opp over ein periode på fem-seks år, med nokre utskiftingar. Schola Instrumentalis har halde nokre konsertar dei siste åra, arbeider no med heimestudio og byggjer opp ein ny fagleg base for utøving.
Eilev Groven Myhren

 

1976-versjonen av Schola Instrumentalis i NRK:

https://tv.nrk.no/program/FMUS00004075/spelet-om-robin-og-marion-spillet-om-robin-og-marion